LETT Å REISA TIL LEIKANGER
Leikanger ligg i Sogn, omtrent midt i landet i Sør-Noreg, og alle har omtrent like lang reise for å delta på Sognefjordrennet, frå dei store byane.

Leikanger ligg 20 km frå Sogndal, retning vestover i landet. Ein kan reisa til Leikanger på mange måtar:

EKSPRESSBÅT går frå Bergen kl 1630 kvar dag unnateke laurdagane, og er framme på Leikanger kl 2045 og i Sogndal kl 2120. Ekspressbåten frå Nordfjord korresponderar med ekspressbåten frå Bergen. Båtskifte ved Rysjedalsviki. Laurdag går båten frå Bergen kl 1430, og er framme i Sogndal kl 1900. Les meir på: Fjord1

BUSS til Sogndal og vidare til Leikanger eller Luster er ein fin måte å reisa på. Mange moglegheiter frå både Oslo, Lillehammer, Bergen, Førde, Stryn, etc.. Les meir på: Fjord1

BIL frå alle stader. Diverre er ikkje Sognefjellet ope på denne tida.
Finn ruta på: NAF

FLY til Sogndal Lufthamn på Haukåsen er ein mykje brukt måte å reisa til Sogn på.
Les meir på: Widerø

Avstandane til Leikanger er som følger frå ulike utgangspunkt:

Trondheim: 567 km
Oslo: 340 km
Lillehammer: 290 km
Bergen: 192 km
Molde: 304 km
Morgedal: 356 km

Korleis reisa til Sogn?