UTVIKLING AV TELEMARKSPORTEN I SOGN

Sognefjordrennet 2010, med alt som skjer på Leikanger og på Hafslo, er konkurransar i to greiner av telemarksporten. Det er fjelltelemark og bakketelemark (racingtelemark).

Dei to greinene har svært ulike reglar. Når det gjeld fjelltelemark, er "telemark" knytt til utstyret.  For bakketelemark er "telemark" knytt til både stil og utstyr.

Etter at telemarksporten kom att til Norge og Sogn og Fjordane i 1981, har  me hatt eit sterkt telemarksmiljø i fylket.

Det som kom att i 1981, var sjølve telemarkstilen. Det var vel ein del personar som kjende til og utøvde stilen også før det, og som hadde vokse opp med telemarskstilen, men, det var ikkje noko prat om han liksom, slik som i USA, der han kom frå. I USA var telemarkstilen ein "in-stil", og det var særleg skiinstruktørane som "måtte" kunne telemarkstilen.

Det som me i dag kallar fjelltelemark, er i Sogn kalla "Sognastilen". Rett ned, utan krav tilt stil, så langt det går. Derfor var det spørspål frå sogningane når ein innførte begrepet "fjelltelemark" i telemarksutvalet i Norges Skiforbund på slutten av 1980-talet. Fjelltelemark som begrep har overlevd, og ein har i dag både NM og NC.

Tinderittet i regi av IL Fanaråk var det fyrste fjelltelemarkrennet i Sogn. Tinderittet vart fyrste gong arrangert i 1992.

Kjeringi Open vart fyrste gong arrangert i 1993. Kjeringi Open sin fyrste etappe er verdas største Fjell Cross, med nesten 300 på startstreken. Kravet er telemarksutstyr, men stilen er Sognastil.

Sognefjordrennet var det tredje fjellrennet i Sogn, med oppstart i 2005, og Heggmyri Rett Ned det fjerde, med opstart i 2008. Me kallar det no fjellrenn, sidan det er ope for både telemark, alpint og snøbrett.

Etter heimkomsten til telemarkstilen i 1981, var det telemarkstilen som var i fokus, både til fjells og i alpinbakkane, sommar og vinter. I Sogn er det mykje fjell og brear, og april og mai har tradisjonalt vore hovudsesong for fjellskiturar og leik og moro i fjellet. Alpinbakkane var til vinterbruk.

Og derfor dreiv med med bakketelemark også. Sogningane deltok i NC i Morgedal så tidleg som i 1984, og det er ikkje få "Morgedalsvasar" sogningane har henta heim frå Skisportens Vogge. Stort sett var det systrendingane som dreiv i Sogn på den tida, eller folk frå Syril, som klubben heiter.

Syril arrangerte det fyrste telemarksrennet i 1987. Det var i Hodlekve i Sogndal. seinare var det årvisst med renn i Hodlekve. Syril arrangerte NC både i 1990 og 1992.

På denne tida byrja spesialiseringa i telemarksporten, og det vart mykje reising for å delta på NC. Derfor starta fylket sin eigen cup, Åsnes-cup, med god støtte frå Åsnes Skifabrikk.

Sogningane sa takk og farvel til både NC, Åsnes-cup og bakketelemark utover 1990-talet. Fjelltelemarkrenna samla langt fleire deltakarar, og var ein sport, som var som skreddarsydd til vårt fylke.

Men, bakketelemark er moro, og med NM i telemark storslalåm på Sogn Skisenter den 7. mars, er bakketelemarksvingen attende i Sogn. Ungdomen tykkjer det er stas, og me trur at Sogn på nytt vil markera seg på norgeskartet.
Fjelltelemark er basert på ein 4010 år gamal sport, som er å konkurrera på ski i upreppa snø. Ikkje mange andre idrettar som kan visa til same tradisjon. Fjelltelemark er telemarksportens formel 1, med fartsmålingar på 116 km timen på både Tinderittet og Galdhøpiggrennet. På bildet ein lokal favoritt frå Luster telemark ned Dyrhaugsryggen på Tinderittet i 2008.

Her er nokre viktige punkt knytt til fjelltelemark som konkurranseform:

Fjelltelemark
O
Hjelm
O
Ryggsekk - 5 kg
O
Fangreimar
O
Telemarksutstyr (ski med innsving, bindingar med laus hel, støvlar som duga både gå og sigla telemarking med)
O
Ikkej krav til stil. Dette er litt spesieltl, då "telemark" er ein stilart.
O
Alle portar skal passerast (feil medfører tillegg i tid (t.d. 30 sek) eller disk (NM))
O
Reipelykkje som skal passerast. (feil medfører tillegg (t.d. 60 sek) eller disk (NM)
O
Raskaste tid frå start til mål vinn
O
Minuttstart - start etter klokkeslett vanleg i Sogn. Løparane må passa på å vera på start til ett tid. kan variera frå renn til renn.
O
Manuell tidtaking på sekundnivå vanleg i Sogn, men kan variera frå renn til renn.
Bakketelemark (racingtelemark) er den eldste formen for telemarkkonkurransar i Norge i moderne tid. Det starta kring 1983 i dagens form. Bakketelemark er telemarksving i portar i preparerte bakkar. Det er krav til telemarksving og portpasseringar.

Her er nokre viktige punkt knytt til bakketelemark som konkurranseform:
Bakketelemark - racingtelemark
O
Hjelm
O
Fangreimar
O
Telemarksutstyr
O
Telemarkstil. I svingen skal det vera ein støvel i avstand mellom tå på bakfor og hel på framfot. Tillegg i tid for kvar stilfeil.
O
Manglande reipelykkje og portpassering gir disk
O
Krav til at det vert hopp visst langt. Tillegg ved for korte hopp.
O
To omgangar
Video frå Syril sitt 100-årsjubileum i 2006. Intervju av to eldre karar om skisporten på 1920-30-talet.
Telemarksporten
Her er Norges Skiforbund sine oppdarte reglar om telemarksporten
Leikanger Skilag